Beskrivelse

Dokumentarfilmen Lyden av liv viser korleis musikk og musikkterapi i
eldreomsorga kan brukast i førebygging og behandling blant ulike grupper
eldre, samstundes som filmen synleggjer verdien av eldre si
musikkdeltaking i lokalsamfunnet.
Gjennom filmen ser ein eksempel på kor mykje musikk, og spesielt musikk
i sosiale samanhengar, kan bety for enkeltmenneske og deira kjensle av
verdi og trivsel i kvardagen. Ein raud tråd i filmen er korleis musikk
mogleggjer kommunikasjon og oppleving av meistring, også når sorg eller
demens truar akkurat dette.
Lyden av liv utforskar musikkterapi frå eit brukarperspektiv, supplert
med ei vitskapleg tilnærming til emnet. Filmen varer i ca. 25 minuttar
og rettar seg mot studentar i musikkterapi og helsefag, helsefagleg
personale, helsebyråkratar og pårørande.
Filmen er produsert av Think Vivid Media i samarbeid med GAMUT ?
Griegakademiets senter for musikkterapiforsking, Uni helse. Finansiert
av GC Rieber Fondene.

blev interviewet
Periode1 jan. 2009

Mediebidrag

1

Mediebidrag